Historia vår

Sogndal Fjellsport er eit selskap eigd av entusiastar som ønskjer å skape lokalt engasjement og utvikling.

Sogndal Fjellsport AS blei oppretta hausten 2021, med mål om å samle eksisterande fjellsportarrangement i eit felles hovudselskap. Selskapet har mellom anna teke den tidlegare Fjellsportfestivalen AS under sine venger, i godt selskap fjell- og motbakkeløp, samt luftige fjordsprell.

Det som starta med Fjellsportfestivalen, har dei siste åra blitt til fleire arrangement, nasjonale og internasjonale konferansar, konkurransar, seminar, samt teknologi- og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt. Fjellsportfestivalen har sidan etableringa i 2008 jobba i nettverk, med store og små reiselivsaktørar, frivillige organisasjonar, Sogndal Fotball, små gründerverksemder, kommune, fylkeskommune og stat. I tillegg har ein gjennomført prosjekt innanfor Bulystprogrammet, reiselivsutvikling, medieutvikling og lokalsamfunnsutvikling.

Sogndal Fjellsport AS vil vidareføre arbeidet med å marknadsføre Sogndal som eit sentrum for friluftsliv og vintersport, samt skape bulyst i regionen gjennom ulike arrangement og festivalar, i samarbeid med lokalt næringsliv.

Eldsjelene og sponsorane våre er fundamentet i alt vi driv med.