Om Sogndal Fjellsport
Sogndal Fjellsport skapar spreke arrangement - året rundt.
Bratte fjell, djupe dalar og snørike vintrar lokkar fjellsportentusiastar frå heile landet til Sogn. Sogndal Fjellsport legg til rette for spanande og utfordrande aktivitetar heile åre, i naturkvalitetar du knapt har sett maken til.
Kvart år arrangerer me:
Fjellsportfestivalen
Dampskipskaien open
Hodlekve rundt - Eit Fjelløp
Skredkveld
Enten du har mykje erfaring med fjellsport, eller enda ikkje har knytt dine første tursko, vil me skape og utvikle møtestader for deg.
Sogndal Fjellsport samarbeider tett med studentorganisasjonar, gründerar og lokale bedrifter for å kunne gi flest mogleg tilgang til dei gode fjellsportopplevingane. Med solide sponsorar i ryggen set me Sogn på fjellsportkartet.